Gå til sidens hovedinnhold

Skog og klima

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den norske skogen tek i dag opp om lag halvparten av dei norske fossile CO2 - utsleppa. Det er vanvittig mykje, men har ikkje kommi av seg sjølv. Den viktigaste grunnen til dagens store CO2 -opptak er eit aktivt skogbruk og omfattande skogkulturarbeid, spesielt i 2. halvdel av 1900-talet. Med denne innsatsen har tilveksten i skogen meir enn dobla seg i løpet av 100 år.

Trea tek opp CO2 frå lufta gjennom fotosyntesa, og brukar dette karbonet til vekst. Og dei treng mykje. For karbon utgjer heile 50 % av turrstoffet i trevirke. Av same grunn går store mengder CO2 attende til lufta når treet døyr og rotnar. Men ved å bruke tømmer til bygningar hindrar vi at dette karbonet slepp ut att i lufta. Det bindast som trevirke i tak og veggar. Og på toppen av det heile vil auka bruk av tømmer kunna erstatte «CO2-verstingar» som stål og betong.

Den delen av treet som ikkje blir bygningsmateriale kan erstatte fossile råvarar eller energi. Alt som i dag lagast av olje kan i framtida lagast av trevirke.

Skogen tek opp meir CO2 frå i lufta jo fortare han veks. Og det er ung skog som veks best. Gamal skog innheld mykje karbon fanga opp gjennom lang tid, men etter kvart som han blir veldig gamal tek han opp mindre. Med tida vil også ein del av trea døy og rotne, slik at nettoppptaket av CO2 blir svært lite.

Mange som i utgangspunktet ønskar meir vern av skog argumenterar med at gamal skog lagrar mykje karbon. Og det er rektig. Men verna skog kan aldri erstatte stål og betong i bygningar. Vi treng ein skog som både tek opp og lagrar mykje karbon. Dette kan kombinerast viss vi driv aktivt skogbruk med god skogkultur. Erfaring viser det. For det er ikkje berre veksten og karbonbindinga som har auka kraftig på 100 år. I dag har vi meir enn tre gongar så mykje trevirke i skogane våre som da Landsskogstakseringa starta i 1919. Så skal vi nå ambisiøse klimamål, må vi auke aktiviteten i skogbruket framover. Og det må komma i tillegg til alle andre klimatiltak.

Kommentarer til denne saken