Barbie er ikkje ekte

«Eg balanserer på ei line»: Det skal berre eit lite feilsteg til før eg fell langt. Heilt til botn. Og der blir eg lenge.» Denne novella handlar om presset mange «flinke piker» kjenner på. Ho er skrive av ein elev på Rosthaug videregående skole.

«Eg balanserer på ei line»: Det skal berre eit lite feilsteg til før eg fell langt. Heilt til botn. Og der blir eg lenge.» Denne novella handlar om presset mange «flinke piker» kjenner på. Ho er skrive av ein elev på Rosthaug videregående skole.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– Ha det, ha ein fin dag! seier mor mi idet eg er halvveis ute av døra.

– Jada, svarer eg utan eigentleg å vite om ho høyrer meg.

På bussen sit eg og tenkjer. Kva forventar dei av meg i dag? Klarer eg å prestere slik dei vil? Kva om eg ikkje gjer det? Eg tenkjer på matematikkprøva eg fekk 4 på. Eg er skuffa over meg sjølv, eg veit at eg kunne gjort det mykje betre om eg hadde øvd meir. Sanninga er vel eigentleg at eg gjorde det beste eg kunne. Det var berre ikkje bra nok. Eg klarer ikkje å leve opp til alle forventningar. Unnskyld.

Eg tenkjer på karaktersystemet. «Kven er best?». Lærarane set oss opp i forhold til kvarandre, det er så forbaska dumt. Alle er like smarte, og alle er like gode, men om du fortel ein elefant, ei mus og ein ape at dei skal klatre i eit tre, kven trur du gjer det best?

– Går alt bra? er det første bestevenninna mi seier når ho møter meg i gangen.

Eg kan gjette på at auga mine fortsatt er raude, og at eg ikkje har klart å sminke bort ringane under auga likevel.

– Ja, sjølvsagt, svarer eg med eit smil om munnen.

Eg strekkjer ut handa mi, eg vil at folk skal sjå meg. Det er mange som prøver å ta tak i ho, men eg trekkjer ho tilbake i siste sekund kvar gong. Eg vil ikkje. Eg tørr ikkje. Tanken på å opne meg for nokon klarer eg ikkje.

Eg har mange gode vennar, blant anna katten min. Han gjev meg ro og fred. Eg føler meg trygg. Han ligg der så uskuldig og høyrer alltid på det eg har å seie. Eg innbiller meg at han forstår, og likevel dømmer han meg ikkje.

– Hugs at det er frist for å levere inn teksten deira i morgon! høyrer eg læraren seie samtidig som det ringjer ut. Svarte, det hadde eg heilt gløymt bort. Innleveringa hadde forsvunne i alle andre tankar.

Eg skal eigentleg spele kamp i kveld, men eg må jo gjere innleveringa. Kva skal eg prioritere? Søvn treng eg også. Som alle andre dagar må eg velje bort noko; søvn, sosialt liv eller skole? Søvn, fordi det går ikkje utover nokon andre. Om eg kjem på kampen, og gjer innleveringa, så blir både læraren og trenaren sine forventningar oppfylt. «Flink pike». Eg må lære meg å seie nei.

Eg lever eit A4-liv. Eg balanserer på ei line. Det skal berre eit lite feilsteg til før eg fell langt. Heilt til botn. Og der blir eg lenge. Eg stengjer meg sjølv inne og skyv alle vennane mine frå meg heilt til eg sakte men sikkert klarer å klatre opp igjen. Lina blir enda tynnare, og om eg fell, så fell eg enda lenger enn sist.

Kven er eg eigentleg? Eg er ein magikar. Eg teiknar med sølv, men det blir raudt. Eg er ei jente som flyg. Raskare og raskare. Vil eg nokon gong bli bra nok?

Skrevet av anonym elev ved Rosthaug vgs.

Artikkeltags