Nynorskforfattar engasjerte

Tekst med humor: Nylig heldt forfattar Arnfinn Kolerud føredrag på Rosthaug videregående skole. Han snakka om kor viktig nynorsk er, men også kor viktig dialektene våre er. Her er Vanja Eidesmoe og Caroline Wold (klasse 1STA) i ein samtale om Vassbygda-trilogien. Det er ein humoristisk serie skrive av Kolerud.

Tekst med humor: Nylig heldt forfattar Arnfinn Kolerud føredrag på Rosthaug videregående skole. Han snakka om kor viktig nynorsk er, men også kor viktig dialektene våre er. Her er Vanja Eidesmoe og Caroline Wold (klasse 1STA) i ein samtale om Vassbygda-trilogien. Det er ein humoristisk serie skrive av Kolerud.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det ligg framleis spenning i lufta når noko skal gjerast på nynorsk, men etter at vi fekk besøk av forfattaren Arnfinn Kolerud, er vi meir interessert og inspirert. Trur vi.

DEL

Vårt eige forhold til nynorsk og dialekter er for det fyrste noko vi har fått gjennom skulen.

Sidan ungdomsskulen har vi hatt nynorsk saman med bokmål i norsktimane.

Vi hugsar framleis kjensla etter den aller fyrste heildagsprøva vi hadde i sidemål, ei nokså avskrekkande oppleving.

Idet vi sette oss ned, var alt gløymt.

Vi har nok kome vidare sidan den gongen, men det ligg framleis spenning i lufta når noko skal gjerast på nynorsk.

Ville ikkje lese høgt

Ein tysdag i mars fekk fleire klasser på Rosthaug videregående skole oppleve ein forfattar som dei færraste av oss hadde kjennskap til.

Arnfinn Kolerud som er 46 år gammal og bur i ytre Nordfjord, heldt føredrag på skulebiblioteket.

Som liten var han ein sjenert gut som heller let som om han sov enn å lese høgt i klassa, noko vi kan finne igjen i debutromanen hans «Berre ikkje brøyteplogen kjem», som også er den mest kjente boka hans i tillegg til «Den som ikkje har gøymt seg no».

I tillegg til å vere forfattar, brukar han også tida si på å vere norsk-lærar for innvandrarar.

Nynorskekstremistar

I føredraget fekk vi høyre om alt frå engelske forkortingar og ord, som vi stadig tek i bruk i det norske språket, til Kolerud sitt eige forhold til målforma nynorsk, som han liker så godt.

Undervegs fekk vi også høyre fleire utdrag frå bøkene hans, som handlar om alt ifrå nynorskekstremistar til nattklubbdansarar frå London.

Kolerud er lidenskapeleg oppteken av språk, og særleg nynorsk.

Han har mellom anna skrive den såkalla Vassbygda-trilogien, der han skildrar ei lita bygd som er den einaste plassen i Noreg der ein framleis snakkar dialekt og skriv nynorsk.

Dei iherdige innbyggjarane gjer alt for å halde på språket og spreie det vidare til resten av landet.

Dialekter skaper liv

Dialekter er ein stor del av det norske språket og pregar både media, kvardagen og identiteten vår.

For oss er dialekter ein naturleg del av det å vere norsk, og vi synest at dialekter gir liv og farge til språket vårt.

Trass i dette, er ikkje vi ungdommar veldig flinke til å halde på dei, og byter gjerne ut tradisjonelle ord med eit engelsk ord.

Når vi ungdommar snakkar om nynorsk, brukar vi gjerne ord som «spynorsk» og «unødvendig», noko som seier litt om forholdet vårt til målforma vi blir tvungne til å lære oss.

Men trass i dette, gjorde Arnfinn Kolerud ein god jobb med å engasjere oss, og alt i alt var det eit svært interessant foredrag.

 

Artikkeltags