Du gillar danseband

Kva er typisk norsk Og kva er typisk svensk? Fire gutar i 2STA ved Rosthaug videregående skole har ikkje noko fasitsvar, men dei undrar. Artikkelforfattaren Ivar Heimstad (t.h.) slår av ein prat med medelevane Martin Gulbrandsen Aalien (t.v.), Martin Falang og Mikael Gundhus.

Kva er typisk norsk Og kva er typisk svensk? Fire gutar i 2STA ved Rosthaug videregående skole har ikkje noko fasitsvar, men dei undrar. Artikkelforfattaren Ivar Heimstad (t.h.) slår av ein prat med medelevane Martin Gulbrandsen Aalien (t.v.), Martin Falang og Mikael Gundhus.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Kva er typisk norsk? I dette essayet reflekterer vg2-elev Ivar Heimstad rundt dette spørsmålet.

Det å finne ut kva som er typisk norsk, er noko som fengjer oss nordmenn.

Å finne ut kva som eigentleg skil oss frå resten av flokken, har så lenge eg kan hugse vore interessant for oss.

Kanskje det er for å minne oss sjølv på at vi ikkje er som alle andre? At vi er spesielle, og ikkje berre gjennomsnittlege blant våre eigne.

Uansett kva grunnen er, er vi oppteken av det.

Gro Harlem Brundtland klarte ikkje dy seg då ho i nyttårstalen i 1992 sa «Det er typisk norsk å være god».

Dette utspelet vart kjent over heile landet, og det er dette eg bind saman med Brundtland.

Det til tross for at eg var fem år unna lyset i det ho tala til Noreg.

Mange nordmenn er samde med henne.

Ho grunngav påstanden med at vi nordmenn sparkar godt frå oss i utlandet.

Det er på sett og vis riktig, men å hevde at det kjenneteiknar ein vanleg nordmann, er veldig bastant.

Men er det sant? Kanskje meir sant enn usant?

341 000 måtar

Google seier det er 341 000 måtar å vere norsk på.

Gjengangaren er jo sjølvsagd brunost og klisterføre i påska og fjellturar med fjordutsikt om sommaren.

Mange skal ha det til at det er eit norsk fenomen å definere seg sjølv, og eit av treffa på Google seier at det som definerer oss, er heile tida å prøve å gjere det.

Men svenskane er minst like opptekne av dette som oss. Faktisk litt meir. 140 000 gongar meir. Og her får ein òg mange svar.

Sløsete

Den finske forskaren Sanna Sarromaa skreiv eit innlegg om det som skilde nordmenn frå andre vestlege land.

Som innvandrar frå Finland hadde ho opplevd fleire kulturar og dermed sett einskilde skilnader.

Ikkje slå av lyset, kaste mat og sløse generelt hadde ho lagt merke til.

Eg som nordmann synest likevel det er rart å definere nordmenn som sløsete.

Ja, vi lèt brødskalken vere igjen i matbutikken, men vi er òg glade i å ta med nistepakke. Så det å definere kva ein nordmann gjer ulikt, har meir med kven som opplever eller observerer enn kva som verkeleg er sant.

Gillar dansband

Eitt av treffa på Google.se på søket «Vad är typisk svensk» seier at ein «gillar dansband».

Med all respekt til dei som skriv dette: Eg håpar og trur at ikkje alle i Sverige likar danseband.

Definisjonen på ein nordmann eller ein svenske handlar meir om kva ein vil sjølv.

Viss ein vil vere ein typisk norsk person, seier ein at eins eigne særtrekk er typiske. Det er kanskje derfor det er så mange svar på eit slikt spørsmål.

Ein ting er å snakke om kva for nokre gjenstandar som er typisk norsk.

Folk tenkjer ofte på gjenstandar som viser kven vi er.

Kanskje det er meir interessant å finne ut korleis vi oppfører oss når det umedvetne i oss slår til.

Er det typisk norsk å vere omgjengeleg og pratande med dei vi ikkje kjenner, eller er vi motsett?

Eg skal ikkje legge skjul på at stemninga inni ein heis i Spania er høgare enn i Noreg.

Det kan kanskje vere sant at vi ikkje er så lystne på å snakke med framande menneske.

Når det er sagt, vil eg ikkje seie at dette definerer nordmenn best. Det blir noko likt som å påstå at nordmenn berre er kjedelege. Og vi er vel ikkje berre kjedelege?

Det verker som at alle utlendingar utanom Thomas Wassberg har høgare tankar om Noreg enn som så.

Etter vel over 600 ord veit eg at det ikkje er berre eitt riktig svar.

Ikkje manko på særtrekk

Kva som definerer ein nordmann, kan vere så mangt.

Eg trur vi alle kan vere einige om at det ikkje er manko på særtrekk for oss.

Det verker som at kven som helst på gata kan svare på spørsmålet om kva som er typisk norsk.

Så får vi berre håpe vi treff rett person, for jag gillar inte dansband.

Artikkeltags