Marisa sel thaimat frå denne vogna. Arbeidstilsynet krev at ho må ha handikaptoalett, dusj og garderobar: – Det er litt komisk

KRAV: Marisa Taule gjekk ned i stilling frå heiltidsjobben i SFE for å selje mat frå denne matvogna, som står på Byrkjelo. No kjem Arbeidstilsynet med krav om at ho må mellom anna må bygge handikaptoalett og garderobar.

KRAV: Marisa Taule gjekk ned i stilling frå heiltidsjobben i SFE for å selje mat frå denne matvogna, som står på Byrkjelo. No kjem Arbeidstilsynet med krav om at ho må mellom anna må bygge handikaptoalett og garderobar. Foto:

For å selje mat frå denne vogna, må Marisa Taule sette opp handikaptoalett for å følge krava.

DEL

Landet rundt(Firda) – Det er utruleg dumt, seier Marisa Taule (45) frustrert.

Sidan i fjor sommar har ho selt thaimat frå ei matvogn utanfor Coop-butikken på Reed. Vogna vil ho ta med seg på festivalar for å selje mat, men elles er planen å la den stå fast på Byrkjelo. Men no har det blitt trøbbel for Taule.

– Det blir litt komisk

Arbeidstilsynet krev nemleg at Taule skal  legge til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Det betyr at ho må lage til handikaptoalett og tilkomst for det. Det må også vere personalrom, garderobar for menn og kvinner, samt matrom.

LANDET RUNDT!

Under fanen «Landet Rundt» ønsker vi i Østlands-Posten å bringe deg noen av de beste, mest interessante og viktigste sakene fra våre søsteraviser i Amedia. Dette er en av dem.

Med unntak av litt hjelp frå den 23 år gamle funksjonsfriske dottera i periodar, jobbar Taule åleine i matvogna. Men sidan ho sysselset ein annan tilsett, hamnar ho under Arbeidsmiljølova.

– Eg driv ei lita bedrift, det er ikkje ein stor restaurant. Eg prøver å forstå kvifor det kan kome slike krav, men det gjer eg ikkje, seier Taule.

Om krava blir ståande, må ho slutte med matvogna.

– Det blir for dyrt å bygge på dette. Eg skulle ønske at Arbeidstilsynet heller var ei støtte og gav meg beskjed om eg har gjort noko feil. Eg jobbar og tener pengar, og det er vel bra?

(saken fortsetter under bildet)

Mannen til Marisa Taule, John Andrê Taule, synest saka er merkeleg.

– Det blir litt komisk. Det verkar ikkje som Arbeidstilsynet heilt veit kva sak dei har behandla, at det nærast er snakk om ei pølsebod dette her. Å få inn eit dobbeltsidig handikaptoalett i vogna er ikkje mogleg. Det blir litt snodig om ho må ha med ei følgevogn for å få til alt det som Arbeidstilsynet krev.

– Det blir veldig firkanta

Ifølge John Andrê skar det seg litt då dei informerte Gloppen kommune om at dei ville sette opp matvogna. Kommunen kom med krav om at det måtte søkjast etter plan- og bygningslova, dersom den skulle stå fast ein plass meir enn to år.

At Taule vil hente inn ekstrahjelp i høgsesongen, fører også til at Arbeidstilsynet blir kopla inn.

Ekteparet er samde om dei generelle krava til universell utforming.

– Samstundes må det vere rom for at dei ser nøyare på kva arbeidsplass dette er, seier John Andrê, som har vore i kontakt med kommunen om saka.

– Vi har fått signal om at dei vil prøve å finne ei løysning på dette, så vi trur det vil ordne seg. Slik saka er no, blir det jo veldig firkanta.

Kommunen: – Det verkar urimeleg

Bjørn Aurlien i Gloppen kommune er samd.

– Vi er på linje med søkjarane her. Vi meiner kravet frå Arbeidstilsynet verkar urimeleg. Vi må finne ei ordning som gjer at slike verksemder kan få eksistere. Dei krava vil i praksis seie at ei slik vogn ikkje er mogleg.

Aurlien seier dei vil finne ein annan måte å handtere saka på:

– Vi meiner det er fullt mogleg og utan at vi unngår lovverket, seier han.

Dette kan dei gjere ved å ikkje betrakte vogna som eit søknadspliktig bygg, slik dei har gjort så langt. Dermed vil det ikkje løyse ut Arbeidstilsynet, meiner Aurlien.

Taule er glad for at saka ser ut til å ordne seg.

– Eg veit at vi må følge reglane, men det må også gå an å finne løysningar. Om Arbeidstilsynet kjem med slike krav, så kan det vel ikkje berre gjelde meg? Det er i så fall urimeleg.

Arbeidstilsynet: Forstår frustrasjonen

Per Kristian Fonn i Arbeidstilsynet er sakshandsamar for saka.

– Er reglane for strenge og firkanta?

– Det er ikkje opp til meg å vurdere om regelverket er for strengt eller firkanta. Eg må stelle meg til dei reglane som gjeld, og behandle saka ut frå det.

Dersom eit tiltak er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og bygget vert brukt, eller sannsynlegvis vil bli brukt av ei verksemd som kjem inn under arbeidsmiljølova, så må tiltakshavar innhente samtykke frå Arbeidstilsynet.

– Forstår du frustrasjonen til Marisa Taule, som har ei matvogn ho sel frå mat frå og likevel møter slike krav?

– Eg forstår at det kan vere frustrerande, men vi må saksbehandle ut frå vårt regelverk. Om dei meiner det er feil, så har dei moglegheit til å klage på vedtaket, seier Fonn.

Artikkeltags