Neglelakk må vare lenge

Flakker for lett av: Ja, det er vel eit i-landsproblem som Lise Klev frå Rosthaug videregående skole skildrar her. Ho skriv ironisk om at naglelakken bør sitje på lenger.

Flakker for lett av: Ja, det er vel eit i-landsproblem som Lise Klev frå Rosthaug videregående skole skildrar her. Ho skriv ironisk om at naglelakken bør sitje på lenger.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Naglelakken flassa av etter berre to dagar med saltvatn og sol! Er ikkje det krise, så veit ikkje eg.

DEL

Kjære alle kosmetikk- selskap der ute. Eg er lei av at naglelakken berre sit på ei veke.

Eg er lei av å dynke fingrane mine i skadeleg naglelakkfjernar fordi lakken flassar av så fort. Eg er lei av å bruke opp flasker på flasker av dyr naglelakk. Eg er lei.

Eg veit ikkje om naglelakken er laga slik for at dei skal tene meir pengar. Viss dette er tilfelle, at dei skal tene pengar på naglelakkavhengigheita vår, synst eg det er veldig dårleg gjort.
Dei vil jo bli rike, og det skjønar eg, men dei får jo selt naglelakken sin uansett.

Nokre personar kan jo synst at det er bra at naglelakken flassar. Det gir dei ein sjanse til å byte farge, og dei kan dermed prøve noko nytt.
Men dei må jo uansett bruke den skadelege naglelakkfjernaren for å få bort restane. Altså er det berre dei som lagar naglelakken som tener på dette kaoset av stygge naglar med berre litt naglelakk igjen på.

Som ein flittig brukar av naglelakk, kan eg mykje om dette.
Eg var nyleg i Spania, og veit de kva? Naglelakken flassa av etter berre to dagar med saltvatn og sol!
Er ikkje det krise, så veit ikkje eg.

Eg hadde jo sjølvsagt gløymt att naglelakkfjernaren heime, dermed gjekk eg med stygge naglar resten av turen. Det var ikkje morosamt.

Dette problemet må det gjerast noko med.
Eg krev ein ny og betre naglelakk som varar lenger!