Likes seier meir enn tusen ord

Jakten på likes: «Det er det same ansiktet eg har kvar gong, men på ein eller annan måte er det forskjell i likes,» skriv Jan Erik Ingesen (t.v.) ved Rosthaug videregående skole. Her er han samen med kameraten Simon Saastadhagen, og dei tek ein selfie som dei «snappar» til vener.

Jakten på likes: «Det er det same ansiktet eg har kvar gong, men på ein eller annan måte er det forskjell i likes,» skriv Jan Erik Ingesen (t.v.) ved Rosthaug videregående skole. Her er han samen med kameraten Simon Saastadhagen, og dei tek ein selfie som dei «snappar» til vener.

Artikkelen er over 4 år gammel

Likar du meg? I denne kreative teksten har Jan Erik Ingesen skrive om likes.

DEL


Facebook-verden, likar du meg?
Tidene forandrar seg

Nok ein status, nok eit ord
Desse fell nok i god jord

Eg legg ut eit bilete
Dei andre ler seg svimete

Eg kan sjå likes som strøymer inn
Dei gjer meg glad og lett til sinns

Men, er det meg dei likar som person?
Eg la ut eit bilete av ein melon …



Eg skriv statusar med kjensler og viktighet, dei kan få opptil 15 likes om eg er heldig. Dei er relevante for ei sak eg diskuterer på nettet, eg legg fram gode argument og er eigentleg stolt. Eg skrollar lenger ned på sida, ei jente frå klassen la ut nytt profilbilete. Igjen. Du kan gange likes-ane hennar mot mine med ti. Når blei biletet lagt ut? For ein time sidan. Korleis fekk ho så mange, på så kort tid?

Kva bryr folk seg om? Kva har relevans? Facebook-samfunnet har eigne idear om kva ein bør bruke tida på. Det likar ikkje samfunnsdebattar og politikk. Det likar spelapplikasjonar som Angry Birds, Candy Crush og FarmVille, der ein skal gjere minst mogleg, på mest mogleg tid. Det likar når brukarane med flest vener legg ut nye bilete. Da seier det nesten ikkje stopp med likinga.

Sjølv har eg nokre statusar med mange likes, ein er sjølvsagt «Lappen!». Han likar alle av ein eller annan grunn. Det at eg no kan køyre bil, det er viktig for Facebook-samfunnet. Dess fleire som køyrer bil, dess betre verkar det som. Lappen-statusane er utan tvil dei mest populære statusane på Facebook. Det er vanskeleg å finne ein som har under 50 likes på lappen-statusen sin. Andre statusar er ikkje like viktige, nett det å få sertifikat for klasse B er det viktigaste. Tips nummer ein til alle som slit med likes på Facebook, ta lappen. Består du førarprøva, består du Facebook.

No er det sjølvsagt ikkje berre lappen-statusar som får mykje merksemd. Dei som stadig legg ut profilbilete, har også ein tendens til stadig få likes. Ein annan ting er at dei som skriv statusar på dialekt, får likes etter kor mykje dei brukar dialekten i skrivinga. Eg prøver sjølv å skrive statusane bevisst for å flest likes, det er ei god kjensle å sjå dei strøyme på.

Det er ingen som har offisiell autoritet til å rette på deg på Facebook. Språkrådet kan umogleg vere fornøgd med utviklinga i skrivemåten på Facebook. Nokre lærarar ville tatt fram blyanten og retta om dei visste kva eg skreiv. Med ikkje anna enn vondskap i sinnet set eg meg ned ved tastaturet. Eg tenkjer for meg sjølv: «Kva skal du skrive i dag, Jan? Og korleis skal du skrive det på verst tenkelege måte?» Eg er ein liten rebell der eg sit, skapar uro for språkforskarane, som sakte, men sikkert bryt ned det norske språket. Eg er som ein svulst for utviklinga til det norske språk, eg skriv på dialekt.

Eg prøver også å leggje ut bilete iblant. Her ein dag prøvde eg eit filter som var svart-kvitt. Det viste seg å vere ein suksess. Likes fossar inn på skjermen min, det er dei absurde facebookreglane eg ikkje forstår. Eg har lagt ut bilete etter bilete med same motiv, på profilbiletet brukar eg mitt eige fjes. Det er det same ansiktet eg har kvar gong, men på ein eller annan måte er det forskjell i likes.


Forskjell på forskjell
Kva er bra?
Hovudet på skakke
Blir eg glad?
Når biletet er lagt ut
Vil «likes» fosse inn?
Eller blir det berre nok eit bilete
Av dei mange på veggen min?