Ikkje la det bli ein bygdekrig!

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er godt nytt at prosessen med ny sigdalsavkjøring skrid framover. Takk til våre folk på fylkestinget for det.

La meg starte det slik: Dette er godt nytt for oss alle. Både sigdølingar og moingar. Slik planen er vil vegen gjøre atkomsten til Sigdal enklare. Men det skjer også fleir gode ting: Avstanden mellom Sigdal/Simostranda og Vikersund/Geithus blir kortare. Det gjev tettare band mellom bygdene våre. Og Vestre Spone blir åpna for omverda. Grenda som er kjent som «midt i ingenting og lengst frå alt» blir plutseleg nærområde for alt som skjer, både vest og aust på Modum. I tillegg blir Strandgata og Lilleåsgata levelege bo- og oppvekstområder for lokalbefolkninga.

Strandgata, som i min barndom (som ikkje er så lenge sidan) var ei levande handlegate med eit mangfald av butikkar og hus, er i dag redusert til ei spøkelsesgate med rivingstomter og gjenspikra vindauge. Det skal bli ei frelse å få storvegen ut av innkjørslene til folk!

Og så til det sure: Stortinget vil neppe bla opp for milliarden vår. Vi likar det ikkje, men vi er nok naudd til å betale noe av dette sjølv. I det høve vil eg stille to spørsmål: Kor mykje må vi betale, og kven er det rettferdig at er med på spleisen? Det første er jo vesentlig for kor mykje det påverkar oss. Blir det tjuge kroner turen blir det kostbart å bo langs Simoa. Blir det tre-fire kroner er det ingen ting å klage over. Da står prisen godt i forhald til kor nyttig det er å flytte vegen.

Om eg sparar to minutt, to raude ljos, og to kross med kø på veg til jobb så har eg spart meg kostnadar i tid og kjøretyslitasje som fint forsvarar prisen. Slik eg ser det er det betre med låg pris i mange år enn høg pris ei kort stund. Gevinsten er jo der så lenge vegen er der, og det blir vonleg for all framtid. Fint om noen representant for fylkesting eller vegvesen kan lage noen slike reikneøvelser med ulike trafikktal, ulike bompengesatsar og ulike gradar av offentleg finansiering og publisere i Bygdeposten så folk ser kva vi faktisk har å forhalde oss til.

Det neste er kven som skal betale? Eg synast det er billig gjort av Jon Hovland å plassere bommen på sigdalsdelet. Skal kameratane mine på Simostranda måtte betale bomavgift for å komme til meg på ein kaffikopp når koronaen er omme? Det er mange og gamle band mellom Sigdal, Simostranda og resten av vestre Modum som ikkje drar noen nytte av den nye vegen. Skal dei betale? Sponinger med bestemor i Eggedal? Sigdølingar som jobbar på Buskerud (lndbruksskolen)? Nei, alle slike eksempel blir sjølvsagt urettferdig.

Bommen må stå der folk drar nytte av vegen. Slik eg ser det er det når folk kjørar over Storelva. Dei som kjørar nyvegen har mest nytte og bør betale i forhald til det, men dei som kjørar gamlevegen har stor glede av at trafikken er flytta dei og, så dei kan vera med å betale litt. Kanskje fem kroner på nyvegen og tre kroner på gamlevegen er ein rettferdig sats? Det er i alle fall ein sats eg ville vert villig til å betale for å få vegen unna om den gjekk gjennom hagan min. Så håpar eg alle gode krefter kan jobbe saman for ein veg som løyser problemer og åpnar muligheiter for både Sigdal og heile Modum!

I papiravisen kom vi dessverre for å skrive at Andersson representerer Arbeiderpartiet. Det er riktige er Senterpartiet. Vi beklager.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken