DNT byggjer miljøhytte på Hardangervidda

DNT og Snøhetta byggjer ei ny miljøhytte.

DNT og Snøhetta byggjer ei ny miljøhytte. Foto:

Av

Den Norske Turistforening (DNT) skal saman med Snøhetta byggje si første miljøhytte, ei hytte som skal produsere meir energi enn ho brukar.

DEL

(Telen) Den Norske Turistforening (DNT) skal saman med Snøhetta byggje si første miljøhytte, ei hytte som skal produsere meir energi enn ho brukar.

Den nye miljøhytta er ei oppgradering av 125 år gamle Mogen turisthytte på Hardangervidda ved Møsvatn, og DNT ønsker å sette ein ny standard for hyttebygging.

Nye Mogen turisthytte skal ha 380 kvadratmeter solceller på taket, og målet er at ho gjennom levetida si skal produsere meir energi enn ho brukar. Så mykje som mogleg av den gamle hytta skal gjenbrukast.

– Det var naturleg for oss å tenke gjennomgåande miljø og berekraft når vi skulle byggje nytt. Hytta vil forsterke naturopplevinga og vareta natur og kulturarv på ein god måte for kommande generasjonar, seier dagleg leiar Jon Atle Holmberg i DNT Telemark i ei pressemelding.

Artikkeltags